Plan for pleie og omsorg 2022-2030

4.5 Omsorgstrappa og tenestestandar

Kommunen ønskjer å gje ei trinnvis auke i tenestenivå ettersom behovet til tenestemottakaren endrar seg. Tenester skal tildelast på lågast mogleg omsorgsnivå, basert på kartlegging og utprøving.
Dette for å sikra meistring hos tenestemottakar. Ved endring av behov skal tiltak på høgare nivå prøvast ut.

Ikkje alle tenester er nemnt i omsorgstrappa, og det er heller ikkje slik at tenester er låst til berre eitt nivå. Fysio-/ergoterapi kan til dømes vera aktuelt på alle nivå. Omsorgstrappa er sett opp etter LEON 
(Lågast effektive omsorgs-nivå), og blir lagt fram til politisk handsaming ved endring.

Tabell omsorgstrappa - Klikk for stort bilde

4.5.1 Kvardagsmeistring

Kommunen har i fleire år hatt fokus på kvardagsmeistring og kvardagsrehabilitering. Kommunen har ein 70% ressurs hos ergo- og fysioterapitenesta i tillegg til at heimetenestene skal legge stor vekt på kvardagsrehabilitering som arbeidsmetode.

Aktivitetshjul - Klikk for stort bilde

Kvardagsmeistring har som mål å gjera dagleglivet best mogleg, og hjelpa den einskilde til å meistra sin eigen kvardag best mogleg. All aktivitet i dagleglivet, uavhengig av funksjonsnivå blir gjennomgått. Med utgangspunkt i tenestemottakar sine ønskjer og behov tar tenesta ei fagleg vurdering og sørger for hjelp som stimulerer til meistring. «Kva er viktig for deg?» er grunnlaget for tenesta, og skal gjennomsyra tilnærminga og dialogen mellom tenestemottakar og teneste.
Kvardagsrehabilitering er arbeidsforma for å få dette til.

Aktivitetshjulet illustrerer viktige områder ein kan reflektere over for å identifisere utfordringar og setje mål i samarbeid med tenestemottakar. 

Både samfunnsdelen av kommuneplanen for 2016-2026 og plan for leve heile livet 2022-2026, peikar på at kommunen skal satse på kvardagsrehabilitering for å støtte heimebuande til å kunne bu heime lenger. Når det blir ein auke av tal eldre over 80 år, vil det vera behov for å auke ressursen i arbeidet for å nå målet om å støtte dei eldre til å bu heime lengre.

4.5.2 Velferdsteknologi

For å kunne møte det auka talet med eldre i kommunen, aukande kompleksiteten og spesialisering, samtidig som det er minkande del av yrkesaktive, må helse- og omsorgstenestene gjere endringar i tenesteytinga. I arbeidet med å sikre tilgang på god helse og velferd for eldre, kan velferdsteknologi vera med å førebygge behov for helse- og omsorgstenester, og dei tilsette i tenesta sin kompetanse kan nyttast der det er størst behov.

Velferdsteknologi handlar om å gje personar med hjelpebehov moglegheit til å meistra kvardagen betre, slik at ein kan få større grad av meistring, fridom og tryggleik. Velferdsteknologi skal alltid vurderast som førsteval i tildeling av tenester.

Bruk av teknologi i helse- og omsorgstenestene har som mål å gjera tenesteytinga betre for innbyggarane, gjennom auka tryggleik, brukarmedverknad, godt personvern, og effektiv tenesteyting. Kommunen er ikkje pålagt i lov å tilby velferdsteknologi til innbyggarane, men Etne kommune ønskjer å gjera bruk av teknologi der ein ser det er tenleg. På institusjon er tilbodet knytt til vedtak om opphald i institusjon, i heimen er velferdsteknologi ein del av heimetenesta
Velferdsteknologi kan fungere som støtte til pårørande og kan i mange tilfelle førebygge behovet for kommunale tenester eller sjukeheimsplass.

Velferdsteknologi skal vera eit tiltak for å møte auka tal eldre i framtida. Etne kommune deltek i eit regionalt samarbeid på Haugalandet, og er dermed del av ein prosess for vidare framdrift av implementering av velferdsteknologi i tenestene. Kommunen har tatt i bruk fleire tiltakstypar.

For å sikre implementering i tenester og informasjonsutveksling med innbyggarar, skal det kome ein strategi for implementering av verktøy knytt til velferdsteknologi. I dag har helse og omsorg ein 50% ressurs for velferdsteknologi og systemansvar, og det er nødvendig å bygge kompetanse og styrke ressursen inn mot velferdsteknologi.