4.6 Rekruttering og kompetanse
Den demografiske utviklinga med fleire eldre og færre yngre vil utfordra dei kommunale helse- og omsorgstenestene òg når det kjem til rekruttering og kompetanse. Det vil krevjast endring i takt med utfordringane, målretta rekruttering av helsepersonell og ein plan for kompetanseheving for dei tilsette.
4.6.1 Rekrutteringsbehov
I tillegg til at kommunen må ha fleire tilsette i jobb grunna auke i tal tenestemottakarar, viser kartlegging av dei tilsette at det er ei relativt høg del som nærmar seg pensjonistalder. Dei neste 2-7 åra vil tenesta derfor måtte rekruttere om lag 15 nye tilsette.
Det har dei siste åra vore utfordrande å få søkjarar med rett kompetanse til ledige stillingar i tenestene. Det er spesielt sjukepleiarkompetanse som er vanskeleg å få rekruttert til.
Etne kommune sin arbeidsgjevarstrategi og lønspolitiske plan er sentrale dokument som skal bidra til at kommunen er ein god arbeidsgjevar og at kommunen rekrutterer, beheld ønska arbeidskraft og yt gode og forsvarlege tenester til innbyggarane våre. Kompetanse og leiing er viktige faktorar for å møte behovet for innovasjon, rekruttering og forvalting av eiga arbeidskraft.
Det er behov for eigen rekrutteringsstrategi for helse- og omsorg for å møte rekrutteringsbehova som vil komme framover. Strategien må og sjåast i samanheng med «deltid-heiltidsprosjektet» til kommunen.
4.6.2 Kompetanseplan
Samhandlingsreforma har gitt kommunane eit større ansvar for helsetenester og dei tilsette skal ha ein høgare kompetanse i tenestene, enn før innføringa av reforma. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå viser at kommunen vil få fleire eldre innbyggarar, og med fleire eldre vil det bli fleire med demens og andre samansette sjukdommar.
Målet med kompetanseplan for pleie og omsorg er å:
- sikra at dei tilsette veit kva kompetanse dei er forventa å ha
- sikra eit føreseieleg årshjul for dei tilsette med lett tilgang til naudsynte kurs
- sikra at leiinga har oversikt over naudsynt kompetanse blant dei tilsette
- sikra at kompetansen til dei tilsette er i tråd med nasjonale retningslinjer og kommunale planar.
Kompetanseplan for pleie og omsorg er eit av dei grunnleggjande verktøya for å
- sikra rett kompetanse
- sikra god utføring av lovpålagte tenester og rett kompetansebehov
- sikra rett kompetanse til utviklinga av tenesta og endringar i tenestebehovet
Kompetanseplanen for pleie og omsorg synleggjer behov for å endre grunnkompetansen i åra som kjem for å møte den aukande aldrande befolkninga som vil ha fleire samansette utfordringar knytt til helse som mellom anna demens. Planen peikar på å endre grunnkompetansen frå assistent til fagarbeidar- og sjukepleiarstillingar.
I tillegg til endring av grunnkompetanse må kommunen ha tilsette med spesialkompetanse for å tilby forsvarlege og gode tenester. For å oppnå tilstrekkeleg grad av spesialkompetanse skal det vera særleg fokus på kompetansebehov ved nytilsettingar. Der det likevel er behov for spesialkompetanse skal leiarane søkja å tilby vidareutdanning til aktuelle tilsette. Talgrunnlaget for kartlegging av spesialkompetanse viser at det er behov for om lag 500 studiepoeng. Halvparten av studiepoenga har eininga mål om å skaffe gjennom tilsettingar.
For å ta høgde for at ein ikkje får søkjarar med rett utdanning, må tenesta likevel legga til rette for vidareutdanning. Det leggast difor inn i planen eit behov for vidareutdanning inntil 300 studiepoeng totalt, 75 studiepoeng per år.
Kompetanseplanen synleggjer behov for diverse kurs, og dei tilsette skal vera kjent med kursa som er obligatoriske. Årshjulet blir eit godt verktøy for både leiarar og tilsette for å ha oversikt over gjennomføring.
For å få gjennomført tiltaka i planar, nasjonale retningslinjer, reglar også vidare, må tenesta ha leiarar med verktøy og kompetanse til å møte dei utfordringane som er. Det vil vera fokus på den interne leiarutviklinga i Etne kommune der leiarane skal lære av kvarandre i tillegg til at dei får verktøy frå eksterne aktørar. Leiarane vil vera viktige for «å styre skuta den vegen som er bestemt at den skal gå».
Kompetanseplan for pleie- og omsorgstenesta skal bli eit arbeidsverktøy alle tilsette, frå leiar til assistent, nyttar aktivt.