Plan for pleie og omsorg 2022-2030

4 Framtidsbilete, 4.1 Om å møte auken av eldre innbyggarar

Endringane skjer raskt dei komande åra, og utviklinga krev at kommunen bidrar med eit positivt menneskesyn. Alle innbyggarar har ressursar som kan bidra i lokalsamfunnet, både til eige og fellesskapet sitt beste. Kommunen sine tilsette skal vera viktige aktørar for å finne desse ressursane, og bringe innbyggarar saman slik at dei kan støtte og hjelpe kvarandre.

Fleire aktørar i lokalsamfunnet vil sannsynlegvis gå saman om å utvikle nye løysingar, og kommunen si rolle som tilretteleggjar blir viktig. Velferdsteknologi skal bidra til auke av meistring i eigen kvardag. Frivillige lag og organisasjonar har ei viktig rolle i vårt lokalsamfunn i dag, men vil få ei endå større betydning i framtida. Nye former for frivillig arbeid må utviklast. Slik vil lokalsamfunnet mobiliserast på nye måtar. Oppleving av ein god alderdom vil vera ulik frå person til person. Den kan ikkje definerast av nasjonale myndigheiter. Men som forvaltar av offentlege tenester skal kommunen ta med innspela får innbyggarane, og legge til rette for at dei som blir eldre i Etne kommune skal ha ein god og verdig alderdom (Leve heile livet - handlingsplan for Etne kommune 2022-2026).

Det er ei samansett liste over strategiar og tiltak som vil vera avgjerande for at kommunen skal lukkast med å gi gode pleie- og omsorgstenester i åra som kjem.

  • førebyggande heimebesøk (sjå tiltaksliste i planen Leve heile livet)
  • informasjon og innspelsmøte for aldersgruppa 65+ (sjå tiltaksliste i planen Leve heile livet)
  • rettleiing og økonomisk støtte til tilrettelegging av bustad eller kjøp av ny bustad
  • aktivitet og fellesskap for heimebuande
  • transportordning til aktivitetstilbod

Dei fleste innbyggarane over 80 år skal i framtida bu i private heimar. Då er det viktig at innbyggarane planlegg sin eigen alderdom og tar ansvar for å gjera bustaden enkel å bu i, investerer i venner og sosialt nettverk, og opprettheld best mogleg funksjonsevne gjennom eit aktivt liv. 

Dei eldre er, og vil vera, ein stor ressurs for samfunnet. Samfunnet treng at pensjonistar vil bidra til frivillig arbeid òg i framtida. Det er allereie mange som gir sitt bidrag, men sannsynlegvis er det endå fleire som har litt tid til å vera med. Dette kan føre til at også den frivillige held seg aktiv, er sosial og har betre helse.

I dag er det 244 innbyggarar over 80 år i kommunen. I 2025 er det 285 og i 2030 vil det vera 341. Innspel frå referansegruppa viser at dei fleste i målgruppa både ønsker, og kan, bu heime lenger. Det krev førebygging og tilrettelegging, og gjennomføring av tiltaka som er planlagt.

Dei som ikkje kan bu heime i sine private bustad skal kunne søkje om omsorgsbustad, omsorgsbustad med heildøgnsbemanning eller institusjonsplass etter behov. Det er eit ønske at innbyggarane skal skaffe sin eigen tilrettelagte bustad og kommunen vil derfor ikkje styrke tal omsorgsbustadar i Etne, men heller legge til rette for prioritering av aldersgruppa eldre i dei kommunale omsorgsbustadane som er tilgjengelege i dag.

Utfordringane knytt til buform og endring av tenestetilboda, er mange. Ikkje minst den fysiske utforminga av heildøgnsbemanna bustadar i Etne og Skånevik omsorgssenter. Det er svært viktig å få til meir aktivitet og fellesskap, for å førebygge einsemd og funksjonsfall. 

Erfaring frå tenestene er sett saman med brukarundersøkinga og innspel frå referansegruppa, og har resultert i strategien om å gå frå omsorgssenter til bu- og aktivitetssenter.

Omsorgsbustadane med bemanning er for dei med helseutfordringar som gjer at dei treng meir «tryggleik» enn ein har i privat heim eller omsorgsbustad. Nærleik til bemanning vil gi slik tryggleik. I dag bur omlag 8% av innbyggarane våre over 80 år med nærleik til bemanninga. Det vil vera nokolunde likt behov i 2030, som fører til at tal bustadar må auke frå 19 til 29. For at leigetakarane skal oppretthalde funksjonane sine blir det viktig å dreie frå omsorgsperspektivet til meir tilrettelegging for aktivitet.