Plan for pleie og omsorg 2022-2030

5 Oppsummering

Ut frå framskrivne befolkningstal synleggjer denne planen utfordringsbilete og strategiar spesielt knytt til buform, aktivitet og fellesskap, tenestenivå, og behov rekruttering og kompetanse. Planen er basert på eit framskrive «middelsnivået» frå Statistisk sentralbyrå. Mykje kan skje i framtida som kan påverke strategiane i planen, dette vil kommunedirektøren møta i budsjettprosess kvart år, og politiske saker ved behov.

Til grunn for planen ligg ei føresetnad om at fleire skal bu heime, lenger. Dei viktigaste tiltaka for å møte framtida er å endre frå omsorg til aktivitet, ved å opprette bu- og aktivitetssenter i Etne og Skånevik. I tillegg er det lagt inn auke eller tilpassing av ressursar og kompetanse.

Planen er eit godt verktøy for økonomistyring og tenesteutvikling i framtida.