Plan for pleie og omsorg 2022-2030

6 Tiltaksliste

Mål med tiltaka er å levera gode og forsvarlege tenester til fleire tenestemottakarar, slik at kommunen kan møta auka del eldre og auka del menneske med demens, i åra som kjem. For å nå målet må kommunen spissa tenestetilbodet, og legga til rette for at innbyggjarane kan bu heime lenger, gjennom fleire tilbod om aktivitet, tilbod om transport til aktivitet, og bruk av velferdsteknologi.

NB: Tal i kolonne for Budsjett er estimert ut frå prisar og lønningar i 2022. Tala er meint som ei rettesnor, men kvar sak vil bli lagt fram for politisk behandling i samband med budsjett kvart år, eller som eigen sak.

Tiltaksliste
Tiltak Ansvar Start Slutt Budsjett sum/år Drift/investering
6.1.1.1 Kompetanseauke
Grunnkompetanse – endre stillingstype ved tilsetting, auke lønsramme Einingsleiar PLO Kontinuerleg Kontinuerlig Kontinuerlig Drift
Spesialkompetanse – oppstart vidareutdanning Einingsleiar PLO Haust 2022 Kr 75 000 Drift
6.1.1.2 Rekruttering
Samarbeid med kommunen sine ungdomsskular om arbeidstrening for elevar Einingsleiar PLO Kontinuerleg Kontinuerleg
Utarbeiding av rekrutteringsstrategi Personal- og organisasjonssjef 2023 2025
6.1.1.3 Kurs og internopplæring
Interne opplæringstiltak og nettbasert opplæring, lisensar, vikarmidlar Einingsleiar PLO Kontinuerleg Kontinuerlig Kr 185 000 /årleg frå 2023 Drift
Årshjul på intranett Leiar PLO Kontinuerleg Kontinuerleg
6.1.1.4 Velferdsteknologi
Velferdsteknologi – strategi for implementering av verktøy Kommunalsjef helse og omsorg Klar til budsjett
Velferdsteknologi – tilsetting av 1 stilling med særskilt ansvar for installasjon, opplæring, vedlikehald, innkjøp av verktøy, utvikling og innføring av strategi, auke med 30-50% frå i dag. Kommunalsjef helse og omsorg 2023 Kr 500 000 Drift
Velferdsteknologi – innkjøp/ implementering av verktøy Kommunalsjef helse og omsorg Kommer i strategi
6.1.1.5 Administrasjon
Leiarutvikling – kommunalt leiarutviklingsprogram Kommunedirektør Kontinuerleg Kontinuerleg
Vedlikehald av årshjul for tenesta - kompetanseheving - sosiale tiltak - rettleiing Leiar PLO Sommar 2022/kontinuerleg Sommar 2022/kontinuerleg
6.1.1.6 Skånevik bu- og aktivitetssenter. Oppstart planlegging 2023 – drift frå 2025
Overtaking av Tusenfryd bustadskiping og ombygging av bueiningar. Aukar frå 12 til 14 omsorgsbustadar med nærleik til personalbase. Kommunalsjef helse og omsorg 2025 Investering
Aktivitetsansvar – 100 % stilling som aktivitetsansvarleg knytt til senteret. Dette vil bidra til at innbyggjarane kan bu heime lengre. Transport av heimebuande til aktivitetstilbod Kommunalsjef helse og omsorg 2025 Kr 700 000 - årleg frå 2025 Drift. Investering transport
6.1.1.7 Etne bu- og aktivitetssenter. Oppstart planlegging 2025 – drift frå 2030
Bygge nytt eller bygge om den gamle sjukeheimen Kommunalsjef helse og omsorg 2025 2030 Investering
Aktivitetsansvar – 100-200 % stilling som aktivitetsansvarleg knytt til senteret. Dette vil bidra til at innbyggjarane kan bu heime lenger Kommunalsjef helse og omsorg 2030 Drift
Bemanning- må vurderast kvart år mot behov og utvikling Kommunalsjef Kommunalsjef helse og omsorg 2029 2030 Drift
Kvardagsrehabilitering/førebyggande heimebesøk– auke til 100% (frå 70%), for å bidra til at innbyggjarane kan bu heime lenger. Kommunalsjef helse og omsorg 2023 Drift
Transportteneste – minibuss og tilsett som sjåfør. Tenesta vil bidra til at innbyggjarane kan bu heime lenger. Dette kan ein legge ut på anbod. Kommunalsjef helse og omsorg 2030 Investering/Drift
6.1.1.8 Etne omsorgssenter
Gjera om heildøgnsbemanna bustadar til institusjon. Gradvis, estimert til 2 plasser i året. Kartlegging av behov for arbeid som må gjennomførast. Kommunalsjef helse og omsorg 2025 2030 Investering
Bemanning – det vil bli behov for auke i bemanning frå 2030. Kommunalsjef helse og omsorg 2030 Drift
Einingsleiar for institusjonstenester/prosjektansvarleg for gjennomføring av tiltaka i planen Kommunalsjef helse og omsorg 2023/2024 2030 Kr 1 100 000 Drift