Vil du bli lærling i Etne kommune?
Dette blir gjort innanfor fag som det til ei kvar tid vil vera behov for i kommunen og som ein kan gi opplæring i.
Etne kommune har lærlingar innanfor helsearbeiderfaget, institusjonskokk, barne- og ungdomsarbeiderfaget, IT-driftsfaget og byggdriftarfaget.
Ledige læreplassar i Etne kommune - søknad
Rettleiing
Lærlingen har i hovudsak samme rettar og plikter som dei andre tilsette. Forskjellen er at lærlingane har rett på rettleiing i tråd med læreplanen.
Lærlingen har oppnemnt rettleiar som har det faglege ansvaret for lærlingen. Rettleiar skal rettleie lærlingen i tråd med læreplanen.
Utrekning av læretid og lønn
Hovedregelen er at læretida er totalt to år, og at lærlingen arbeider i 100% stilling, dvs. 37,5 t/v, 7,5 t. kvar vekedag.
Lærlingane får lønn slik i forhold til byrjarlønn som fagarbeidar.
- lærehalvår 30% av fagarbeidarlønn
- lærehalvår 40% av fagarbeidarlønn
- lærehalvår 50% av fagarbeidarlønn
- lærehalvår 80% av fagarbeidarlønn
For lærlingar som er i lære i to år gjeld at av dei to åra lærlingen er i kommunen er eit år verdiskaping. Første halvår blir rekna 30%, dvs. 11,25 t/v, som verdiskaping, andre halvår blir rekna 40% (15 t/v), tredje halvår 50% (18,75 t/v), og fjerde halvår 80% (30 t/v). Dette samsvarar med løna lærlingen får i 100% stilling. Stillinga blir ikkje omfatta av tenestepensjonsordninga til arbeidsgjevar.
Læreplanen finn de på Utdanningsdirektoratet
I tillegg handlar kapittel 7 i opplæringslova om lærlingeordninga. Opplæringslova finn du her.
Nyttige lenker
Informasjon om opplæring i bedrift
Informasjon om lærling og lærekandidat
Vurdering
Ta fagprøve
Skattekort
Lånekassen