Visjon, ambisjon og verdiar

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

KORT FORTALT

 

Logo MOT - Klikk for stort bilde

 VISJON: «Me gjere det i Etne kommune»

 

AMBISJON: ”Best i vekst”

VERDIAR: «Trygg, raus og engasjert»

VISJON: «Me gjere det i Etne kommune»

Me gjere det i Etne er eit slagord som går langt tilbake. Som visjon skildrar det ein tilstand som ein aldri når fullt ut, - me kan alltid gjera ting betre,  annleis, eller det kan gjerast meir/mindre av ting. Samstundes er det og ein stadfesting om at me får det til i Etne kommune!

AMBISJON: «Best i vekst»

Vår ambisjon er «best i vekst». Me dette meiner me ikkje berre folketalsvekst, men det kan vera vekst på mange område, både kva me får til innan førebygging, omsorg, oppvekst eller det kan vera vekst på det personlege plan som enkeltmenneske.

VERDIAR: «Trygg, raus og engasjert»

Våre verdiar som skal legge til grunn for korleis me handlar som tilsette i Etne kommune er trygg, raus og engasjert.

Etne vedtok i K-sak 051/06 at kommunen skulle inngå samarbeidsavtale med organisasjonen MOT. I vedtaket ligg det også at medlemskontingenten skal dekkast inn gjennom eit forpliktande samarbeid mellom Etne kommune, frivillige lag og organisasjonar og andre interesserte. Dette var starten på det som no er  ”Lokalsamfunn med MOT”, som no er innhaldet i avtalen. For Etne har det heilt frå oppstarten i 2006 vore eit poeng at dette ikkje berre skulle vera ei sak for skulane, sjølv om det meste MOT-arbeidet er forankra der, men også ha ei breiare tilknyting til organisasjonen Etne kommune og lokalsamfunnet i Etne kommune.

MOT sine kjerneverdiar er: Mot til å leva - Mot til å bry seg - Mot til å seia nei

I arbeid med våre verdiar har me tatt utgangspunkt i MOT sine verdiar og vidareutvikla desse til våre eigne. Mot til å leva er blitt engasjert, mot til å bry seg er blitt raus og mot til å seia nei er blitt trygg. Difor lever me i Etne kommune etter utsegnet om å  ”Vis Mot – ver Trygg - Raus - Engasjert”