Kunnskapsministeren på besøk i Etne
Måndag besøkte kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun Etne kommune, der ho fekk innsikt i kvardagen i barnehage og skule.
Rektor ved Enge skule orienterte om prosjektet "Grenser + forventningar = God oppvekst".Under besøket i Enge barnehage uttrykte ho begeistring over barnehagen sitt arbeid for å redusere sjukefråværet frå 12 til 3 prosent. Gjennom systematisk samarbeid og tiltak for eit betre arbeidsmiljø har barnehagen klart å oppnå desse imponerande resultata.
Minister Nordtun roste dei tilsette for innsatsen, og understreka at bemanning er avgjerande for å gi barna tryggleik og omsorg. Ho lova at regjeringa vil jobbe vidare med tiltak for å sikre fleire kvalifiserte tilsette i barnehagesektoren.
I tillegg fremma ho regjeringas satsing på meir praktisk læring i skulen, med støtteordningar for utstyr og undervisningslokale. Nordtun var også positiv til barnehagen sitt gjenbruksinitiativ, der foreldre kan dele barneklede og utstyr. Ho meinte dette var eit døme på korleis berekraft og medansvar kan kombinerast.
Besøket vart avslutta med ein diskusjon om den nasjonale utfordringa knytt til rekruttering av arbeidskraft i sektoren, der Nordtun anerkjente behovet for å gjere desse yrka meir attraktive.
Rektor ved Enge skule orienterte om prosjektet "Grenser + forventningar = God oppvekst". Kunnskapsministeren var samd i satsinga på prosjektet og såg verdien av eit felles fokus på dette med grenser og forventningar.