Avlastingsheim

Etne kommune søkjer privat avlastar til ein gut på 13 år. Guten likar å sykla og game. 

Me leitar etter deg/dykk som er ein tolmodig, morosam og fleksibel. Du må ha tid, overskot og lyst til å vera med eit barn på 13 år. Det er ein fordel om du har sertifikat. 

Oppdraget er ei helg i månaden (Døme: frå fredag kl 15 til Søndag kl 15). 

Avlastar får ein fast arbeidsavtale i kommunen. Lønn og godtgjersle vert gitt etter KS sine satsar. Familiemedlemmer som er over 18 år, må visa politiattest. Om du er interessert eller har spørsmål til oppdraget, ta kontakt med Astrid Fagerjord Harboe på telefon: 480 55 656 eller per e-post : astrid.harboe@etne.kommune.no