Avslutting TellTur – oppstart StikkUT

Friluftsråda sitt turopplegg TellTur hadde siste sesong i 2024, og Etne kommune har trekt temakonkurransen for fjoråret. I Friluftslivets år 2025 er det lansert nytt opplegg for å gjera det endå lettare for folk å komma seg ut på tur, - dette er kalla StikkUT.

Kart over turane i StikkUT! - Klikk for stort bilde

TellTur-tala i Etne for 2024 var ganske like tala for året før: Totalt 1 764 turar til dei 11 TellTur-måla i kommunen. Desse turane var gått av 475 forskjellige turgåarar, der 30 av dei var busette i kommunen. Det er altså heilt tydeleg at friluftsråda sitt turopplegg trekker mange turgåarar frå kommunane rundt oss! «Planteskulen rundt» var det mest besøkte turmålet med 460 innsjekkingar, med «Osnes rundt» på andreplass med 322 innsjekkingar.

Temakonkurransen for Etne er trekt i tre ulike aldersklassar som tidlegare, og vinnarane har fått premien som er gåvekort på kino/kulturhus. 

  • Klasse 0-12 år - Chris André frå Tysvær, fødd 2021 
  • Klasse 13-18 år - Bjarte Jøsang frå Karmøy, fødd 2010 
  • Klasse 19 år og eldre - Magnhild S. Johannessen frå Vindafjord, fødd 1944. Magnhild var éin av to personar på 80 år som hadde vore på alle TellTurane i Etne - sprekt!

Me gratulerer vinnarane og takkar for at dei kom til Etne på tur!

Frå 1. mai opnar friluftsråda sin sommartur-sesong for 2025 i eit oppdatert turopplegg med namnet StikkUT. Registreringa skjer med StikkUT-appen der du i tillegg til registreringa, også finn både turomtale med kart og gps-spor som kan føljast. I desse dagar er/blir det også sendt ut papirkart til alle husstandane i kommunen  sjå foto. Litt misvisande står det «Turtips i Rogaland» på framsida, men faldaren innheld også kart med turmål i seks Sunnhordlands-kommunar. Nettsida Stikk UT! blir oppdatert med sommarturane rett over påske, det same gjeld appen StikkUT.

Etne kommune takkar Friluftsrådet Vest og ikkje minst Etne Turlag for samarbeidet med både TellTur og StikkUT. God tur!