Bli med på Open Dag hos Brannvesenet

Velkommen til ein spennande og lærerik Open Dag hos brannvesenet på laurdag, 3. august 2024, frå kl. 11 til 14. Det blir mange aktivitetar for både store og små!

Aktivitetar

Teiknekrok: La barna bruke fantasien og teikne flotte bilete av brannmenn, brannbilar og meir.

Spyl på blink: Test treffsikkerheita di med brannslangen og sjå om du klarer å treffe blinken.

Sjå på brannbilane: Kom og utforsk dei imponerande brannbilane. Lær om kva utsyr brannkonstablane nyttar når det brenn, og sjå på utstyret som er montert på bilane.

Spesielle Gjestar

Møt Bjørnis: Den populære brannbamsen Bjørnis kjem kl. 13.00. Dette er ein flott sjanse for barna til å møte favorittbamsen sin!

Skriv brev til Bjørnis: Har du eit godt branntips eller vil du berre skrive nokre fine ord til Bjørnis? På stasjonen vil det vere brevmalar tilgjengeleg for alle som vil skrive til han.

Prøv deg som brannkonstabel

Brannkonstabel for ein dag (eller 2 min): Ta på deg brannmannsbekledning og prøv deg i løypa med ein elektrisk brannbil. Dette er ei unik moglegheit til å kjenne på korleis det er å vere brannkonstabel for ei lita stund.

Vi gler oss til å sjå deg på Open Dag! Dette er eit flott høve til å læra meir om brannvesenet sitt viktige arbeid, ha det kjekt og få nye opplevingar. Vel møtt!

Plakat Open dag - Klikk for stort bilde