Ein del av statusbilete i kommunen

Etne kommune jobbar med å danna eit statusbilete av kva som er våre utfordringar for og rundt våre barn og unge. 

Ein vaksen og to barn som sit på bryggekanten - Klikk for stort bilde

I forbindelse med dette har FAU i barnehage og skule tatt initiativ til å laga ei kartlegging. Me tenkjer det er viktig at heimane seier noko om kva de kjenner på, kva som fungerer bra, og kor ein kan bli betre.

Det kjem ei kartlegginga rett etter påske til alle foreldre/føresette i barnehagane og skulane. Det blir sendt ut invitasjon til kartlegginga, og du vil kanskje få fleire om du har born i barnehage og skule. Me ynskjer at du svarar på dei invitasjonane du får. 

Frist for å svara blir sett til 10. april. 

Me håpar du tar deg tid til å svara!