Endring knytt til Fysioterapi driftstilskot i kommunen
Fysioterapeut Øyvind Thorson og Gro Steiner, har sagt opp sine stillingar i Etne fysioterapi & trening, som medfører 2 ledige fysioterapi driftstilskot i Etne kommune.
Etne kommune vil i samarbeid med fysioterapeutane lyse ut og rekruttere inn i aktuelle 2 X 100% fysioterapi driftstilskot.
Øyvind og Gro vil følgje opp fysioterapi oppgåvene fram til nye fysioterapeutar er på plass, og i samarbeid med kommunen ynskjer dei å finne ei god løysing på vidareføring av fysioterapitilbodet ved Etne fysioterapi & trening.
Øyvind og Gro har begge både vert kommunalt tilsett og arbeid for kommunen gjennom driftstilskot. Etne fysioterapi & trening etablerte dei saman i 2006, og har målretta arbeidd for å bistå innbyggjarar for å førebygga helseplager og bidratt i å hjelpa til på vegen til betre funksjon og helse. Dei har i tillegg til fysioterapi behandling og hatt individuell og gruppebasert trening som har betydd mykje for mange av Etne kommune sine innbyggjarar.
Etne kommune er takknemleg for fysioterapitilbodet og engasjementet Øyvind og Gro har vist gjennom alle åra og ynskjer dei lukka til vidare.