Er du ny i regionen?

Då er du velkommen til Mingel torsdag 22. februar på Åtgaum Bistro, Stord.

Her kan du treffe hyggelege lokale og andre innflytta og få praktisk informasjon om alt frå kvar du kan ete, til kvar du kan gå tur. Ideen er å samla folk etter jobb, slik at det blir lett å finna venner (a.k.a. bygga nettverk) og lett å finna fritidsaktivitetar.

Mingel blir arrangert med Region Sunnhordland som vert. Dei held eit kort føredrag om verksemda, og ein sosial aktivitet.

Afterwork-arrangement, og gratis!

Velkommen!

Mingel-plakat - Klikk for stort bilde