Etne bibliotek er Årets bibliotek i Vestland 2024!
Prisen er tildelt særleg på grunn av barne- og ungdomsarbeidet, men med sitt inkluderande miljø, spennande arrangement og gode tenester har Biblioteket blitt eit viktig samlingspunkt for heile lokalsamfunnet.
Ingeborg Sørheim og Signe Ytrøy.
Norsk Bibliotekforening Vestland
Me er stolte over at Etne bibliotek er kåra til Årets bibliotek i Vestland for 2024! Det er Norsk Bibliotekforening Vestland som delar ut prisen. Dei valde å gi Etne bibliotek tittelen Årets bibliotek 2024: - for alt det framifrå arbeidet biblioteket har gjort for barn i mange år, for å tilby innbyggjarane varierte tilbod og arrangement for mange ulike aldersgrupper, og for å ha ein så dedikert barne- og ungdomsbibliotekar at ein heil 7. klasse nominerer dei til denne prisen!
Etne bibliotek blei nominert av 7. klasse ved Enge skule. Prisen blei overrekt på Norsk Bibliotekforening Vestland sitt årsmøte 5. mars, og bibliotekleiar Signe Ytrøy og barne- og ungdomsbibliotekar Ingeborg Sørheim var til stades på prisutdelinga for å ta i mot det synlege beviset: diplom og eit kunstverk laga av Gunvor Rasmussen og henta frå barneboka “Hvad himlen kan fortælle oss; videnskabshistorier for børn” av Gertrude Kiel.
Tusen takk til dei dyktige tilsette for innsatsen – denne prisen er vel fortent! Har du ikkje vitja Etne bibliotek enno? Ta turen innom og opplev kvifor dei er best i fylket!