Etne brann og redning gjennomfører øving ved Hålandsvegen
Laurdag 24. oktober 2026 skal Etne brann og redning gjennomføra øvingar i samband med kontrollert nedbrenning av ein bustad ved Hålandsvegen 37.
Øvingane startar om morgonen og vil omfatte ulike øvingsmoment før sjølve nedbrenninga av bustaden blir gjennomført.
Det vil kunna bli synleg røyk og aktivitet frå brann- og redningsmannskap i området denne dagen. Me ønskjer derfor å informere innbyggjarane på førehand, slik at det ikkje oppstår unødig uro.
Publisert 22.10.2026 09:43
Sist endret 22.10.2026 09:43