Etne kommune kan no skilte seg som Trafikksikker kommune

Godt trafikktryggingsarbeid gir kommunen eit trygt lokalmiljø, mindre skadar og nøgde innbyggarar.

Representantar frå Trygg Trafikk og Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland godkjende Etne kommune som Trafikksikker kommune. Sonja Frafjord
Ordføraren mottek skiltet "Trafikksikker kommune" - Klikk for stort bildeArve Helle, leiar hovudutval for samferdsel og mobilitet overrekte skilt til ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Kake med skrift om "Etne kommune som Trafikksikker kommune" - Klikk for stort bildeTrafikksikker kommune vart feira med kake.

Transportøkonomisk Institutt om fokus på trafikktrygging i kommunane

I dag har Etne kommune hatt besøk av Trygg trafikk og fylkeskommunen i ærend: Godkjenning som Trafikksikker kommune.

Ved å bli godkjent som Trafikksikker kommune kan ein vera trygg på at dei lovar og forskrifter kommunen er pålagt er systematisert. Trafikksikker kommune er eit kvalitetsstempel for kommunen som syner at me jobbar systematisk, heilheitleg og har gode rutinar.

Me har fått overrekt skilt som skulane og barnehagane kan henge opp, og det vert hengt opp skilt på Tinghuset. Dette er eit kontinuerleg arbeid som me vil fortsetje å ha fokus på.

For kommunen si leiing gjeld fylgjande kriterium og krav:

Kriterium som må oppfyllast

  • Kommunen har forankra ansvaret for trafikktryggingsarbeid hos ordførar og kommunedirektør. Delansvar kan ligga hos den enkelte einingsleiar.
  • Kommunen har eit utval med ansvar for trafikktrygging.
  • Kommunen har innarbeida trafikktrygging i internkontrollsystemet som inneheld reglar for reiser og transport i kommunen sin regi, og ved kjøp av transporttenester.
  • Trafikktrygging er eit årleg tema i kommunen sitt arbeidsmiljøutval (AMU).
  • Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulukker og trafikkuhell (materiellskadar) i kommunen.
  • Trafikktrygging er ein del av kommunen sitt folkehelsearbeid.
  • Kommunen har ein trafikktryggingsplan. Planen har rullerings- og rapporteringsrutinar. Planen ivaretar både trafikantretta og fysiske tiltak, derav også haldningskampanjar.
  • Kommunen har eit godt system for å handsame søknadar om skyss v/farleg skuleveg.
  • Kommunen har oppfylt kriteria for den enkelte sektor.

Krav til dokumentasjon

Ein kommune som ønskjer å bli godkjent må ha oppfylt alle kriteria over. I tillegg må følgjande kunne dokumenterast skriftleg:

  • Skriftleg dokumentasjon om at alle kriteria er oppfylt
  • Kommunen sin trafikksikkerheitsplan
  • Retningslinjer for tilsette si ferdsel i trafikken (i teneste)
  • Rutine for kjøp av transporttenester
  • Dokumentasjon frå barnehagane
  • Dokumentasjon frå skulane
  • Dokumentasjon frå kommunalteknisk avdeling
  • Dokumentasjon frå kulturavdelinga
  • Dokumentasjon frå kommuneoverlege
  • Dokumentasjon frå helsestasjon

Les meir her: Kriterier og veileder - Trygg Trafikk

Kva er ein Trafikksikker kommune?

Les meir her: Trafikksikker kommune - Trygg Trafikk