Fiskereglar utanfor vassdrag med laks og sjøaure er vedteke!

Statsforvaltaren i Vestland har fastsett ny forskrift om fiske i fredingssoner i sjø og om nedsenking av garn i Vestland fylke. Forskrifta trer i kraft 22. mars 2024.
 

Kart over kor grensa går - Klikk for stort bilde

Meir info, saksdokument og vedteken forskrift ligg på nettsida til Statsforvaltaren.

Lista nedanfor er henta frå vedlegg 1 i forskrifta, Munningsfredingssoner utanfor 100 metersona for vassdrag i Vestland fylke. Sonene skal vere merka med skilt, jf. § 4 i forskrifta.
Største endring i Etne kommune er fellessona i Vågen mellom Sanes og Lambanes, jf. raud strek på kart. 

Tabell over vernesonene ved Etneelva, Fjæraelva og Osvågen - Klikk for stort bilde