
Å få lov å tildela pengegåver til flotte lokale initiativ er svært kjekt – men også vanskeleg. På Formannskapet sitt første møte i oktober blei det fordelt tilskot frå Fond kraftkontrakten. Det kom i år inn 30 søknader om totalt nesten 5,5 millionar kroner, og det blei valt ut seks føremål som får tildeling. Me gratulerer og ønskjer lykke til med prosjekta, og håpar at alle som diverre ikkje fekk tilskot denne gongen, prøver igjen neste år.
Fond kraftkontrakten hadde totalt kr 1 367 324 til disposisjon i 2026. Kr 900 000 blei lyst ut som tilskot med søknadsfrist 31. august, kr 467 000 blir tilført det kommunale fondet for forskottering av spelemidlar til ikkje-kommunale utbyggjarar og kr 324 blir ståande u-disponert på fondet.
Fond kraftkontrakten blei oppretta i 2020. Utgangspunktet er ein tidlegare avtale om levering av
konsesjonskraft til Sunnhordland Kraftlag
, som blei overdregen frå Etne Elektrisitetslag til Etne
kommune. Delar av avkastinga skal tilførast fond Kraftkontrakten, og midlane skal gå til å støtta ulike ålmennyttige formål i Etne E-lag AS sitt tidlegare konsesjonsområde. Disposisjonsretten innanfor rammene av vedtektene er lagt til Formannskapet i Etne kommune. Innkomne søknadar skal leggjast fram for styret i EE for uttale og eventuell prioritering.
Les heile formannskapssaka her: Fond Kraftkontrakten - fordeling av tilskot 2026
Meir om Fond kraftkontrakten: Fond kraftkontrakten - Etne kommune