Godkjenning som Trafikksikker kommune

På onsdag kjem Trygg Trafikk og Vestland fylkeskommune til Etne for overrekking av kvalitetsstempelet Trafikksikker kommune.

Veg mellom fjell - Klikk for stort bilde Trygg trafikk

I september inngjekk ordførar i Etne kommune og Trygg Trafikk intensjonsavtale om å verte godkjent som Trafikksikker kommune. Les saka her.

Ordninga med Trafikksikker kommune skal sikre at det vert systematisk arbeidd for eit tryggare lokalmiljø. Sidan september har Etne kommune v/barnehagar, skular, teknisk, plan, kultur, kommunelege og helsestasjon arbeidd med å innarbeide trafikktrygging i sine rutinar. 

Frå Trygg Trafikk:

"Trafikksikker kommune "byggjer på ei godkjenningsordning. At ein blir godkjend, betyr ikkje at det ikkje lenger vil skje trafikkulykker, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og samordna arbeid med trafikktryggleik."