Høgsesong for bustadbrannar
I Etne kommune har det frå 01.01.2018 og fram til i dag vore 45 brannar og branntilløp i bygningar. Vinteren er høgsesong for bustadbrannar – bytt batteri i røykvarslarane og test den jamleg gjennom året.
Brannvernleiar Astrid Vestbø oppfordrar til å bytte batteri og sjekke røykvarslaren jamleg.Røykvarslaren reddar liv. Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og det må vere minst ein varslar i kvar etasje.
Røykvarslardagen som er 1. desember er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i ei tid der det tradisjonelt oppstår mange brannar. Levande lys, peiskos, bruk av komfyr og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Det viktigaste du kan gjere for branntryggleiken heime, er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden fungerer slik dei skal. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er attlaten. Viss du har ein bustad med mange rom og eller fleire etasjar, bør du kople saman røykvarslarane slik at alle pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes dersom ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasjar.
På røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar tryggleiken.
Etne brann og redning oppmodar alle til å bytte batteri i røykvarslarane.