Informasjon om ergo- og fysioterapitenesta

Treng du fysioterapi vurdering, behandling eller oppfølging skal dette i hovudsak leverast frå Stian Sund og Sigurd Kjellstad Lian som overtek kvar sitt 100% driftstilskot for Øyvind Thorson og Gro Steiner 01.04.2024. 

Mann som driv fysioterapi på fot - Klikk for stort bilde Andrey Popov, Adobe Stock

Dei vil fortsetja å levera fysioterapi i lokala til Etne fysioterapi og trening på Etne senter. Fråtredande og tiltredande fysioterapeutar er i prosess med overtaking.

Innbyggjarar i Skånevik får fysioterapi i lokala på omsorgsenter.  Andre oppgåver i ergo- og fysioterapitenesta både i Etne og Skånevik vert levert av ergoterapeut Anita Staurland og fysioterapeutane Sylvia Thør, Elisabeth Høiland og frå 01.04.2024 Øyvind Thorson.

For tida er det stor pågang i fysioterapitenesta både til Etne fysioterapi & trening og i kommunal fysioterapi. Tenesta må difor gjera prioriteringar knytt til behandling og oppfølging og det kan bli lengre ventetid for enkelte.