Innfører kjernejournal

Etne kommune innfører det digitale helsesystemet kjernejournal i helse- og omsorgstenestene i slutten av oktober.

Innbyggjar, fastlege, pleie- og omsorg, registre, legevakt og sykehus har tilgang til kjernejournalen din - Klikk for stort bilde

Kjernejournal er eit nasjonalt digitalt helsesystem som deler viktige helseopplysningar om deg på tvers av helsetenester. Helsepersonell både i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta vil kunne sjå viktige og relevante helseopplysningar når du treng hjelp uavhengig om det er i sjukehus eller kommunehelsetenesta. Blir du til dømes lagt inn på sjukehus ein stad du ikkje har vore før, kan helsepersonell raskt få tilgang til viktige helseopplysningane om deg via kjernejournal. 

Kjernejournal erstattar ikkje dei journalsystema som er i bruk i dag, men er eit viktig tillegg, særleg i akuttsituasjonar. Fastlegen din vil registrera kritisk informasjon, og du kan sjølv sjekka om denne informasjonen er registrert i din kjernejournal. Du kan sjølv legge inn informasjon i kjernejournalen din, som kontaktpersonar og eigenregistrerte sjukdommar. Vil du vite meir om kva informasjon som er tilgjengeleg i kjernejournal, og korleis du eventuelt kan avgrense tilgangen, kan du lese meir på HelseNorge.

Skan QR-koden eller trykk her for å sjekka eller oppdatera din kjernejournal.

QR-kode - Klikk for stort bilde