Kjære barn og unge, foreldre og føresette
Velkommen til eit nytt barnhage- og skuleår! Me håpar at sommaren har gjort godt og at alle nå er klare for ein spennande og kjekk oppstart i våre barnehagar og skular.
Me gler oss og våre tilsette er klare til å ta i mot både nye og kjente ansikt. Målet for oss er å skapa trygge, lærande og gode dagar saman. Alle vil i løpet av kommande barnehage- og skuleår bli godt kjent med treet på biletet under. Me ynskjer å jobba saman for ein god oppvekst slik at det blir trygt og godt for alle. Grenser + forventningar = god oppvekst.
Me vil minna om at beskjedar frå foreldre og føresette skal inn i meldingssystema me har, Visma Flyt barnehage og Visma Flyt skule. Her vil meldingane bli lesne og svara opp når det er rom for det. Våre tilsette har ikkje høve til å svara opp på meldingar når dei er på avdeling eller i klasserom. Dei skal vera til stades for leik og læring.
Me ynskjer også at våre tilsette i skulane skal få til eit betre skilje på jobb og fritid. Difor vil me oppmoda dei som må ta kontakt med skulen, som på grunn av sensitive opplysningar ikkje kan senda melding i systemet, om å ta kontakt før klokka 16.30. Etter dette ynskjer me at våre tilsette skal få bruka fritida si til anna enn jobben sin for Etne kommune.
Me takkar alle for forståing og gler oss til eit nytt barnehage og skuleår – eit nytt år med nye opplevingar, ny læring og mange fine dagar!
Med vennleg helsing
Mona Rasmussen Sævik
Kommunalsjef oppvekst og kultur