Elisabeth Selland WinterthunGjennom permisjonen vil kommuneoverlegen kartleggje kva fysiske aktivitetstilbod som finst i kommunen, og prøve fleire av dei ut i praksis. Arbeidet skal også sjå på kor tilgjengelege tilboda er for ulike grupper, og bidra til å senke terskelen for at fleire innbyggjarar tek dei i bruk.
Prosjektet har fått namnet Aktiv i Etne, og gjennom bruk av sosiale medium som Instagram vil kommuneoverlegen presentere dei ulike aktivitetstilboda i kommunen. Målet er å motivere fleire til auka fysisk aktivitet og vise fram det store mangfaldet av moglegheiter som finst lokalt. Følg prosjektet på Etne kommune sin Instagram-konto: @etnekommune under emneknaggen #MittEtne.
– Eg ønskjer å bli betre kjend med kva som faktisk finst av tilbod, og korleis folk brukar dei. Dette er ein god moglegheit til å kople fagkunnskap med praktisk innsikt – noko som kan styrke arbeidet med førebygging og helsefremjande tiltak, seier kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun.
Erfaringane frå permisjonen skal samlast i ein rapport, som vil vera med å danne grunnlag for vidare strategiarbeid innan folkehelse i kommunen.
– Me ser svært positivt på dette initiativet, og er glade for at kommunen kan nytte utdanningspermisjonen på ein måte som både styrkjer fagleg utvikling og kan gi direkte verdi for innbyggjarane våre. Me veit kor viktig folkehelse er og vil bli, og dette set fokus på akkurat det, seier konstituert kommunedirektør Åsmund Sekse.
PS: Elisabeth Selland Winterthun vil i perioden kun ha permisjon i stillinga som kommuneoverlege. Permisjonen vil ikkje påverke stillinga som fastlege i kommunen.