Korleis unngå spreiing av planteskadegjerarar og ugras ved anleggsarbeid og flytting av jord

Gjeld for matjord og underliggjande jordmassar (djupner ned til 60 cm)

Planteskadegjerarar og ugras kan spreiast ved flytting av jordmassar, og med restar av jord, plantar og frø på maskinar og utstyr. Desse kan gi store negative konsekvensar for eigedommane jorda blir flytta til.

Nokre planteskadegjerarar og eitt ugras er regulert i lovar og forskrifter, som Mattilsynet forvaltar.
Dette gjeld skadegjerarar som har vesentlege samfunnsmessige konsekvensar, som potetcystenematodar (PCN) og floghavre. Det er derfor viktig at de innfører tiltak for å unngå spreiing av desse. Her er våre råd:

  1. Inkluder plantehelserisiko i planarbeidet
    Ved planlegging av anleggsarbeid og jordflytting, må de vurdera om aktiviteten kan medføra
    spreiing av planteskadegjerarar som PCN og floghavre. Det er forbode å flytta jord med PCN
    og/eller floghavre.
    I større prosjekt er det spesielt viktig med god koordinering og informasjonsoverføring. De
    må sikra at også maskinføraren er kjend med tiltaka for å unngå spreiing.
  2. Kartlegging før oppstart
    Sjekk om eigedommen har kjende førekomstar av følgjande planteskadegjerarar og ugras:
    • Potetcystenematode (PCN)
      PCN-register | Mattilsynet
    • Floghavre
      Kontakt Mattilsynet for å få ei oversikt over eigedommar i floghavreregisteret.
  3. Når må du ta prøver for potetcystenematoder (PCN)?
    • Viss eigedommen ikkje står oppført i PCN-registeret, må jordprøver takast for å finna ut
      om jorda inneheld PCN. Rettleiar for prøvetaking for potetcystenematoder
      (PCN).PDF
      I nokre tilfelle kan prøvetakinga avvika frå rettleiaren dersom det er låg risiko for
      PCN i jorda. Ta kontakt med Mattilsynet i slike tilfelle.
    • I nokre tilfelle er det ikkje nødvendig å ta prøvar:
      • Viss eigedommen tidlegare er testa negativt og det ikkje er dyrka potet der
        etterpå og heller ikkje tilført jord.
      • Viss jorda skal flyttast innanfor same eigedom.
      • Viss jord blir flytta frå skogsområde, utmark etc. kvar det tidlegare ikkje har vore
        jord- eller hagebruk.
  4. Reingjering av maskiner og utstyr
    Maskiner og utstyr som har vore nytta på eigedom med PCN og floghavre, må reingjerast
    grundig for jord- og plantarestar, før flytting.
  5. Handtering av jord med kjend førekomst av PCN/floghavre
    Matjord bør takast vare på, sjølv om ho kjem frå eigedommar med påvist PCN eller floghavre.
    Mattilsynet kan gi løyve til å bruka slik jord under visse vilkår.
    • Søkja om å flytta jord
      Viss PCN eller floghavre er påvist på eigedommen, må de søkja til Mattilsynet før
      jorda blir flytta. Søknaden må inkludera ein plan for kvar jorda skal brukast, kart, korleis
      transporten skal gjennomførast, og korleis maskiner og utstyr skal reingjerast.
    • Frierklæring for floghavre
      Det er mogleg å få eigedommar i floghavreregisteret erklært fri for ugraset.
    • Bruk av jorda innanfor eigedom med påvist smitte
      Massene kan handterast innanfor eigedommen etter avtale med grunneigar.
    • Varmebehandling
      Prosessen med standardisering av varmebehandling for å eliminera smitte av
      skadegjørere er i gang. Når dette er ferdig, vil det bli publisert i Norsk Standard.
  6. Framande artar
    Fremmede artar (t.d. hønsehirse, parkslirekne og kjempespringfrø) kan spreiast ved flytting av
    jord. Dette ligg under Miljødirektoratets forvaltningsområde. Slike artar kan ha negative
    effektar på miljøet, og anleggsarbeid må ta omsyn til regelverket for framande organismar.
    Framande artar - miljodirektoratet.no


Mattilsynet
Felles postadresse: 
Mattilsynet, felles postmottak, postboks 383, 2381 Brummundal
E-post: postmottak@mattilsynet.no
mattilsynet.no

Logo - Klikk for stort bilde