Landbrukskonferansen i Etne vel gjennomført

Måndag vart landbrukskonferansen i Etne gjennomført med heile 280 deltakarar, 21 stands, 9 innleggshaldarar, 1 konferansier + presse. 

Folk og mat i foajeen - Klikk for stort bilde
Mann framfor skjerm på scenen - Klikk for stort bilde
Mann framfor skjerm på scenen - Klikk for stort bilde
Musikarar på scenen - Klikk for stort bilde
Folk og mat i foajeen - Klikk for stort bilde
Folk og mat i foajeen - Klikk for stort bilde

Stor takk for bidrag frå Sparebanken vest, Haugesund Sparebank og Vestland fylkeskommune for realisering av dagen. 

Arne Torget oppsummera dagen best: 

LANDBRUKSKONFERANSE 2024

Eg kjeme frå Etne, i alle fall litt
Det var her mammo kom frå, og strevde med sitt.
Ho var i frå Sjølvaste Sørstrondo, oppvaksen på gard
Eg har gode minner som for alltid sette far.

Dei var seks søstre som vaks opp oppe i Åsen
Løo står der, men det er ikkje kyr på båsen.  
Me gjere det i Etne, det er her det skjer
Å pissa på straumgjerde, det lærte eg her.

Eg lærte å slå med ljå og hesja av Tante Anna
Og at språket var finare når me ikkje banna.
Det er kjekt å koma til Etne på alle vis
Her til mitt eige barndomsparadis.

Åsså 300 på landbrukskonferanse!
Det nære jordbruket er inne i ein renessanse.
Ordførar Mette Heidi ringde med klokka
Hu var nok litt for snar med å lokka.

Det er litt løye, sånn sett i kontekst  
At ein av arrangørane er Haugaland Vekst.
Det er bøndene som kvar dag er parat
Med å forsyna oss ned god og rimelig mat.

Det er overbevisande tal Mette Heidi har
2 av 9 etnebuar bur jo på gard.
Ho syns det er søtt at Erna Solberg kan kyssa pingvina  
Mette Heidi føretrekke kyr visst ho fysst ska klina.

Ho har endå fleire sterke tal på lur
Det er i Etne dei friskaste grisane bur.
Så var konferansen opna, stemningen var god
Presenterte ordstyrar for dagen, Einar Tho.

Han er frå ein liten Gard i Telemark sjøl
Dei slakta grisen i tunet og kinna smør på ein støl.
Jarle Aasheim Nordtveit og Håvard Ersland har orkesteret FYK
2 unge gutar som spelar så det ryk.

Dei budde i Oslo, lengta heim den gongen
Det var då dei skreiv den flotte Vindafjordsongen.
280 i salen,  dei song med og ula
For å sei det sånn, det sat så ei kula.

Irene Dalland frå Tysnes har i mange år
Putla med RekoRingen i regionen vår.
Ho har jobba på og gjort RekoRingen kjent  
Og jobba sjølsagt som bonde i 100 prosent.  

Det er Facebook som er RekoRingen sin butikk  
Her kan du bestille det du vil ha med eit klikk.
Så henter du kortreiste varer i bygda di
Enklare og betre kan det ikkje bli.

Det skapar både opplysning og arbeidsplassar
Med kortreiste egg og eplekassar.
Du får deg ein god prat og eit lyspunkt i dagen
Og spara litt arbeid for RemaReitan og RimiHagen.  

Du får vara direkte frå produsentar som er kjende
Irene såg høgare omsetning under Pandemien når ho ser attende.
Dette er noko me heiar på
Sjekk ut i bygda neste gong dei er hjå deg å sjå!

Terje Wester er slakterimann av beste slag
Har og vore Styreformann for Bryne sitt fotballag.
For han er det meir enn ein industri
Det er sterke band mellom bonde og slakteri.

5000 ansatte har bransjen i dag
27 milliardar er omsetninga omlag.
Det er færre anlegg enn det var før
Med storproduksjon av både dei med klauer og fjør.

Det er to store produsentar i den Norske ura
Om lag jamstore er KLF og Nortura.
Konkurransen er der kan hende
Terje ynskjer rævkroken attende!

Skal bransjen gå bra
Må dei fyrst og fremst ha produkt kunden vil ha.
Grilstad og Jæder  er tradisjonsrike produsentar  
Som leverer dei trygge varene folk forventar.

Men skal kundane vere lojale  
Må dei vera nyskapande og lokale.
Stranda si skinke og Grilstad salami er produkt med brodd
Men det gjekk åt skogen med Rema sin kyllingsodd.

Egne merkevarer gjer ein annan dynamikk  
Der det er prisen som bestemmer varer til butikk.
Men er kundane villige til å betale
Kan lokale produkt bli nasjonale.  

Inderøysodd såg sin plass og var parat
Og er observert i  Sandeid som bryllupsnattmat.
Det er ferdigvarer som stort sett går ut
Slakteria sel helst lite frampart av stut.

Fellesløysingar må til i åra som kjem
Samhandling for å løyse felles problem.  
Dagligvarekjedene er på norske hender
Og må jobbe for det beste for norske grender.

Anders Norstad er bloggar i bondefaget  
Ikkje akkurat kanskje av det rosa slaget.
Det er maten VÅR det handlar om det heile
Han er siviløkonom som tør å sjå seg i speile’.

Årets formidlar i 2022
Trygve Hegnar har rota seg ut på viddene no.
Verdiskaping er det som skjer hjå bøndene våre
Fotosyntesen med syklusane sine gjennom året.

Kvifor har vi ein matpolitikk?
I Asker ser dei på det med eit anna blikk.
Matpolitikk er ikkje viktig for å produsera  
Men for at bøndene skal ha noko å gjera.

Anders har og prøvd seg på å produsere til eige fat
I fjor resultatet av det ei tomat.
7 av 1000 kan produsere i dag
Det som burde vore vårt viktigaste fag.

Velstelte gardar er det flottaste som finst
Kvifor er det då slik at bonden tener minst?
Staten gjer det verre og verre
Legg opp til at bøndene blir færre og færre.

Er me i ferd med å finansiera oss i hel?
Er mat blitt berre eit finansielt spel?
Er kvaliteten den norske forbrukar får
Noko som er verdig nasjonen vår?

Kom sakte men sikkert smellen  
Då vi innførte Einar Gerhardsen modellen?
Har ikkje utviklinga på 70 år vore så stor
At det burde vore samsvar i prisen frå jord til bord?

Prisar blir styrt av betalingsvilje
Om det er biff, brød, kaffi eller vanilje.
Det var noio her på vegen som forsvant.
Kva bonden får er uinteressant.

Dagligvarekjedene har for stor makt i dagens situasjon  
Med EMV og vertikal integrasjon.
Dagligvarekjedene peisar på i stor stil  
Med 7 KIWIbutikkar per mil.

Han vonar ein dag at dei får sjelvande kne
I stovene sine i Karenslyst Alle’.
Reinert Horneland  er neste gjest
Han har vore med på dagligvarebransjen sin fest.

Merkevarer har han jobba med så det held
No er det villsau og trelast som gjeld.
Katerogiutvikling jobba dei med i flokk
Når inntjeninga på pølser ikkje var nok.

Opplevingane til Reinert har vore store
Han har hatt plass på alle plasser rundt bordet.
Eigne merkevarer kallar dei det
Det store verdiskapande EMV.

Kopiar av originalen for å få prisen ned
Kor vart det av kjøpmannen som var heil ved?
Alt handlar om å få ned prisen  
På pølser som kjem frå den same grisen?

Premiumprodukt fekk og sin eigen klasse
Men uansett kva dei gjer sit nissen på lasse’.
Det var om å gjera det så billig dei kunne på den tida
Dei skar pålegget så tynt at det berre hadde ei sida.

EMV må ha ei rolle å fylla
Om dei skal fortene å få sin plass i hylla.
Dagligvare eig merkevarer sjølv som kjent  
Og treng ikkje vera lojale mot ein produsent.

Men noko har i alle fall klaffa  
Større pølse utvalg har det i alle fall skaffa.
Kunden kan sjølv velga alle dagar
Den beste burgeren er det Fatland som lagar.

Til slutt var Reinert klinkande klar
Den største verdien er det den norske Bonden som har.
Kanskje var ikkje likevel idealismen dau
Når ein ekte siviløkonom byrjar med Sau!

Frå små kår på Underbakka til industri
Har Fatland blitt norges største og beste slakteri.
Det handlar om bønder som står på dag og natt
Til slutt var det klart for debatt.

Samvirket må stå saman mot sterke distributørar  
Det er Bonden som må vera både leiar og førar.
Produsenten må ha meir er Reinert einig i
Så lenge forbrukeren er villig til å betale reell verdi.

Terje seier overproduksjon er dyrt
Marknaden må vera betre styrt.
Det er ferske varer som gjer god balanse
Så her må alle ledd vere med å danse.

Det er ikkje den lokale kjøpmann Anders vil ta
Han trur Mangfald og lokale produkt er noko dei vil ha.
Han trur ikkje vi kan driva småsalg der vi går i buskane og lurar  
Det må takast natt ut av dei 3 lukka strukturar.

Reinert har ikkje tru på noko regulering  
Terje trur forbrukaren tar si eiga vurdering.
Skjold Bondelag gav gass
Og meinte dei lokale må betale for hylleplass.

Reinert seie det er ikkje slik det fungera  
Det har noko med forhandlingar å gjera.
Uansett kva som blir sagt
Så handlar det vel om størrelse og makt.

Bondebladet undrar seg på vertikale integrasjonar  
Anders trur ert handlar om maktkonstellasjonar.
Vegane fram er ikkje oversiktelege og fine
Vi får setja vår lit til Orkla og Tine.

Så er det lønsj på heile flokken
Kortreist mat frå Skakkekokken.  
Tytebær, aure, ramslauk, høner og hjort
Med fellesnemnar at dei har levd godt og reist kort.

Epler frå Hardanger vart flaskefor i vår vesle pause  
FYK lurte på om dagens edru publikum kunne slå seg lause.  
Låten Balanse svinga som berre det
Sjøl om ordføraren i Vindafjord ville betala for å få Vindafjordsongen ein gong te’.

Bonden si framtid og landbrukspolitikk
Skulle vi ta fatt på med spente blikk.
Einar Tho var skikkelig glad  
For å kalla fram bonde, jurist og statsråd Geir Pollestad.

Det vekte Åtgaum i salen
Då han hevda å rykka fram i rekkefølgen til nyttårstalen.
Og medan han lengselsfyllt venta på tur
La han fram dokumentasjon på at han kan sine jur.

Mat beredskapen må setjast fokus på
Det er nye tider og det hastar nå.
Oljeprisen svingar,  det er noko vi må ta
Men noko er konstant,  mat må me ha!

Vi må sjå på tiltak som kan nytta
Utslepp er ikkje noko vi kan flytta.
Den som endrar landbruket er den som held i juret  
Ikkje den som sitte på Facebook å hamrar på tastaturet.

Det tar tid å gjera endringar som monar
Som skal ha forutsigbarhet for nye generasjonar.  
Landbruket finst i hele vårt langstrakte land
Vi må stå samla og knyta sterke band.  

Jordbruksavtalen har blitt betre etter den forrige regjeringa gjekk av
Her kan ein gjerne harsellera i søkk og kav.
Det er eit spel som er viktig for meg og deg
Og alt for viktig til å bli mat for stemmekveg.

Geir jobbar med ein sjølforsyningsplan  
Då landet var fattig gjekk det jo an.
Det var applaus frå Tor Jakob og vår store sal
Då han ville at me må planta på eit endå større areal.

Me trenge lokalmat, geiter og sau
Små vakre bruk mellom hammar og hau.
Skal me få godt landbruk i nye generasjonar  
Treng vi gode diskusjonar meir enn demonstrasjonar.  

Bjørn Gimming er leiar I Norges Bondelag  
Kanskje den mektigaste personen vi har her i dag.
Vi har ikkje eit samfunn som er i ro
Verdsbiletet er krevjande no.

Verda går i eit ukjent lende  
Det er dyrtid og kanskje kjem Trumpen attende.  
Noreg er meir enn olje og gass
Der er på tide at forsyningssikkerheten er på plass!

Vi har utfordingar i landbruket i hopetal  
Her fekk unge Pollestad med seg klare signal.
Vi må dyrke den jorda vi har att
Vi kan ikkje ete olje og eigedomsskatt.

Kanaliseringspolitikken må ha rettferdig struktur
Så du har forutsigbare rammer der du bur.
Og kanskje får vi sjå det om ikkje så lenge
At du får kjøpt kortreist avokado frå Enge.

Tor Jacob Solberg har ein gard av rette slaget
Og er leiar i bonde og småbrukarlaget.
Tor Jacob er ganske klar  
Vi sitte rundt samme bord og et det vi har.

3 partssamarbeidet handlar om det
Samarbeid er det som må skje.
Det er gode ord frå tinget kan hende
Men den gjensidige tilliten må attende.  

Det er ein ny samfunnsforståelse som må til  
Vi kan styre utviklinga der vi vil.
Men vi må vera enige om kursen før vi køyre på
Den viktige reisa, den startar nå.

Egg er tidas varme potet
Det må aukast i norsk produksjonskapasitet .
Her har regjeringa ein jobb å gjera
Eg håpa Pollestad har nåken i salen som notera!

Tor Jacob var klar og tydelig i talen
Det var god og varmande applaus frå salen.
Arne Hjeltnes er ein bereist gut
Synte Etne på film frå fjord til høgaste nut.

Debatt må til når store namn er samla
Her treng vi ikkje folk som rota og famla.
Geir prata så du såg han grodde skjegg
Og prata seg rett inn i eit minefelt av egg.

Men Geir treng ikkje vere redd for å gå i baret
Ring til Tor Jacob,  han har svaret.
Bjørn har svaret på underprodusering  
Vi treng sjølvsagt markedsbalansering.

Samvirkebasert markedsregulering må regulerast  
Vi må sjå til at balanseringa må balanserast.  
Eg oppfatta ikkje heilt kva Pollestad nevnte og sa
Men eg veit at det er pengar bøndene vil ha.

Gode ord Jan gje trøyst på planeten  
Men størst av alt er forutsigbarheten.  
Igjen forstod eg ikke kva ministeren sa
Men eg trur det er pengar bøndene vil ha.

Då har me fått svar på alt me vil veta
Så enda me opp på gris og poteta.
Bjørn sette og stor von
Til algoritmen på Tor Jacob sin mobiltelefon.

Tor Jacob trur oppgjeret går bra
Det er eit faglig rett talgrunnlag dei vil ha.
Geir trur og dette kan gå
Men det er nokre hinder dei ikkje kan springe rett på.

Men målet er å så ei ny spira  
For norsk beredskap i 2024.
Då er det nok ein pause, lefsa er klar  
Kanskje kunstig intelligens har dei rette svar?

KI i landbruket , er det det nye store?
Eller er Hans Wilhelm Wedel-Jarlsberg heilt på jordet?
Han er oppteken av kunstig intelligens på si
Kanskje det bri landbruket definert som høyteknologi?

KI er teknologi som lærer av sine feil
Det er vel omtrent som å sjå seg i eit speil.
Du trur kanskje det er teknologi av nyaste slag?
Du har brukt det lenge og brukar det kvar einaste dag!

Chat GPT kan forresten vera eit ork
Den har allereie erstatta Geir Pollestad med Sandra Borch.
Hans Wilhelm har alt byrja å planlegge sprøyting med drone  
Det er heilt gratis og verd kvar ei krone.  

Han kan og overvåke veksten av kål
Og lett holde styr på fleirfoldige mål.
No har KI tatt hand om avlsproblem
Purka slepp på tenke på kor tid Galte kjem.

Heile gardsdrifta blir mata
Med kornkvalitet, værstasjonar og avlingsdata.
Landbruket går inn i ein ny generasjon  
Der stikkordet er presisjon.

Alt kan leggjast inn ned lempe og list
Dette skulle besten ha visst.
Hadde han byrja med chat gpt i 1924
Så trur eg gamle Lars Steine hadde vore heilt gira.

Sunniva Veen er opptatt av stress
Landbruket og treng fokus på HMS
HMS er viktig i arbeid rundt hammar og hau
I Kvinnherad står HMS for heima med Sau.

Psykiske utfordringar er vi mange som får
Lange dagar, avlingar i dårlige år.
Landbruksforhandlingar kan setja sitt preg
Men du skal vita, det er mange som tenkjer på deg.

Ta i mot hjelpa som finst  
Hugs motgangen kjem når du ventar det minst.  
Ikkje gå med bekymringer, ver på vakt
Ingenting er for smått til å ta kontakt.  

Bondens nettverk, legg det te’
Det er lika viktig som 113.
Kanskje kjem du i rute  
Berre med å veta at det er hjelp der ute.

Utfordringar er sjølsagt på lur
Me må jobba for å få ein åpenhetskultur.
Me klara mykje når me er unge
Men ikkje når dagane blir mørke og tunge.

Ikkje la dagane bli tomme
I landbruket skal ne ikkje ha elefantar i rommet.  
Ta hjelpa nettverket byr deg
Ta i mot frå ein kollega som bryr seg.

Det har vore ein intensiv og inspirerande dag
Med foredragsholdarar av beste slag.
Det er ei framtid for landbruket I Norge  
Direkte frå Etne,  Arne Torget