Melding om endring av plangrense – Detaljregulering for Etnesjøen torg- og kaiområde, Etne kommune Plan-ID 202301

I 2023 varsla Etne kommune om oppstart av planarbeid for området Etnesjøen torg- og kaiområde. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny kai, strandpromenade og fasilitetar for turisme, rekreasjon og leik.

I samsvar med plan- og bygningslova vert det med dette meldt om endring av plangrense for detaljregulering for Etnesjøen torg- og kaiområde. Bakgrunn for endring av plangrensa er behov for å regulere vegtilkomst, gangsamband og busshaldeplass, noko det ikkje var rom for innanfor varsla plangrense i 2023. Endringa er i sørvest. Nytt planområde er om lag 39,1 dekar stort og i høve til varsling i 2023 er området utvida med om lag 0,7 dekar.

Det er berre plangrensa som er endra, der deler av gnr. 9/119 og 11/46 er teke inn i planområdet. Figur under synar tidlegare varsla plangrense (blå linje) og endra plangrense (svart linje). Utvida planområde er i sørvest.

Kart over torg og kai - Klikk for stort bilde

 

Kart over torg og kai - Klikk for stort bilde

Saksdokument

Varsel om oppstart er tidlegare varsla i avis og brevs form i 2023. Etter avtale med kommunen er dette varselet sendt på avgrensa høyring til berørt grunneigar, tilgrensande naboar til der endringa er gjort og offentleg mynde. Varselet vert annonsert i avisa Grannar 8. august. Varselet ligg på kommunen og ABO si heimeside. Her kan ein også finne tidlegare varsel om oppstart.
Arealplan eller reguleringsplan

Merknadar

Moglege merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
Eller e-post: poststord@abo-ark.no / turid@abo-ark.no 
Innan høyringsfristen: 29.08.2024 (3 veker)

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader og innspel til kommunen - dette vil ABO Plan & Arkitektur Stord AS ivareta i samband med innsending av planframlegg.

Med vennleg helsing
ABO Plan & Arkitektur Stord AS
Turid Verdal