Menn i helse - informasjonsmøte

«Menn i helse» skal bidra til å rekruttera fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er me på leiting etter nye deltakarar til kull 2024.

Menn søkes kull 2024 - Klikk for stort bildeVil du bli vår nye helserekrutt? Meld deg på infomøte om Menn i helse nå!

Etne kommune søkjer no etter vaksne arbeidssøkjande menn som vil tilbydast eit unikt høve til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse.

Utdanninga er komprimert og tilrettelagd for arbeidssøkjande menn i alderen 25 – 55+. Deltakarane får tittelen helserekruttar og under utdanninga blir det veksla mellom å få yting frå NAV og lønn frå kommunen.  

PÅMELDING TIL INFORMASJONSMØTE 

Ta sjansen å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det blir gitt informasjon utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kol er også til stades og deler sine erfaringar og tilrådingar. 

Her vil det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. I etterkant av møtet vil det bli gjennomførte intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar blir tilbodne ein 12 vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann? Grip moglegheita! 
Kjenne du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse! 

Har du spørsmål om Menn i helse?  
Ta kontakt med fylkeskoordinator: Øystein Johannessen
Tlf.: 908 34 919

Kontakt Øystein Johannessen på tlf. 908 34 919 - Klikk for stort bilde