Mottakar av Etne kommune sin Kultur- og frivilligpris for 2024 er kåra

Mottakarar av Etne kommune sin Kultur- og frivilligpris for 2024 er Berit og Kåre Rafdal.

Dame og mann i turkler framfor eit berg - Klikk for stort bilde Erling Askeland, Etne Turlag

Hovudutvalet i Etne kommune kåra årets mottakar i møte tysdag mellom uvanleg mange nominerte kandidatar.
Ekteparet har lagt ned tallause dugnadstimar i Etne bygda. Dei er framleis aktive i ulike lag og organisasjonar, sjølv om dei er godt oppi pensjonist-åra. Tidleg var dei aktive i Ungdomslaget med leikarring, revy og seinare i Sogespelet. Ein må framheva Kåre for det flotte amfiet han bygde nedom Etne Samfunnshus, og som skapte ei magisk ramme rundt førestillinga «Kongen frå Etne». 

Dei to har alltid vore på dugnad og hatt ei viktig rolle under Etnemarknaden i alle år. Ofte tok dei dugnadsvakter både før, under og etter marknaden; det står det respekt av. Dei siste åra har dei gjort ein flott innsats for Etne Turlag der dei har vore med å merka og rydda gamle og nye stiar. Kåre har og sett spor etter seg på Olav Vik Stiftinga på Osnes, der han har rydda og stelt og vore styremedlem. Berit gjer for tida også ein aktiv innsats i Etne Bygdeboknemnd. Berit og Kåre har alltid vore aktive i bygda, er lette å be og er alltid positive til arbeid for fellesskapen.

Prisen som er på kr 10 000 og eit diplom, blir delt ut av ordføraren etter nærmare avtale med dei ferske prismottakarane.