Nominer til kulturlandskapsprisen i Vestland

Kulturlandskapsprisen i Vestland blir delt ut annankvart år. Fristen for å nominere kandidatar er 3. mars. 

Kyr på beite - Klikk for stort bildeBeitemark frå Gudvangen er i verdsarvområdet for vestlandsk fjordlandskap. Det er eit av mange viktige kulturlandskap i Vestland. Veit du om eit område i Vestland Fylke som du meiner fortener eit kulturlandskapspris for sin innsats? Frøydis Lindén/SFVL

Prisen er på 30 000 kr og skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats med å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.

Les meir og nominer i lenken her, innan 3. mars! : Kven fortener kulturlandskapsprisen for Vestland? - Vestland fylkeskommune