Ny pårørandeskule til hausten

Til hausten blir det arrangert nytt kurs for pårørande som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. 

Dekorativt - Klikk for stort bilde

Pårørandeskulens mål:

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar
  • Gje pårørande metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens
  • Bidra til at pårørande får betre kjennskap til korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
  • Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande som er i same situasjon

På pårørandeskulen vektlegg me tryggleik, og fortrulege opplysingar som kjem fram skal verta verande hjå deltakarane. Me legg til rette for avlasting på kurskveldar ved behov.
Ta kontakt dersom du har behov for avlasting for å kunne delta på kurset. Me vil forsøkja å vera hjelpsame med det.

Kva er pårørandeskulen?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Ved faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og innsikt i kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kva inneheld kurset?

Kurset er lagt opp over 4 samlingar med følgjande tema:

  • Om demens og utredning
  • Kommunikasjon med personar med demens
  • Pårørande sine opplevingar, eigenomsorg og ventesorg
  • Tenestetilbod i kommunane og velferdsteknologi 
  • Enkel innføring i framtidsfullmakt

Praktiske opplysingar:

Første kurssamling: 23.10.2024

Stad: Etne (stad er avhengig av antal påmelde)

Tid: 18.00 - 21.00 

Datoar:

  • 23. og 30. oktober    
  • 6. og 13. november
     

Påmelding: 05.08.24 - 06.09.24 
Merk, begrensa plassar

Kursavgift: 300 kr. per deltakar (inkluderer kursmateriell og enkel servering)

For påmelding eller fleire opplysingar, kontakt:
Namn: Solveig Kvamme
Telefon: 902 38 354  
E-post: Frivillig.etne@gmail.com

Arrangør: Etne- og Vindafjord kommune i samarbeid med Etne- og Vindafjord frivilligsentral