Ny rådgjevar oppvekst

Me er svært glade for å kunne ynskje Gerd Toril velkommen i ny rolle for Etne kommune. 

Passfoto - Klikk for stort bilde

Ho blir nå rådgjevar for oppvekst neste vår. Gerd Toril Lindevik Arnestad har solid erfaring frå barnehage og leiarrolla, og har ei brennande interesse for å fremja gode oppvekstvilkår for born og unge.

I rolla som rådgjevar vil ho vera ein sentral ressurs i arbeidet med å styrka oppvekstfeltet i kommunen vår. Ho vil vera ein viktig støttespelar for leiarar og tilsette i oppvekstsektoren.

Me gler oss til vidare arbeid for Etne kommune og for born og unge :)