Nytt legemiddel til behandling av Covid-19

Paxlovid er eit nytt antiviralt legemiddel til behandling av Covid-19 hos personar med redusert immunforsvar, som har høg risiko for alvorleg Covid-19 sjukdom. Behandlinga vil reduserer risikoen for alvorleg Covid-19 sjukdom, om behandlinga blir starta innanfor 5 døgn etter symptomdebut. 

Piller - Klikk for stort bilde

Dette gjeld 

  • Personar over 65 år med vaksine, og særleg om det er meir enn 6 månader etter siste vaksine
  • Personar over 50 år som ikkje er vaksinert mot Covid-19
  • Personar med underliggande sjukdommar: 
  • Aktiv kreftsjukdom eller pågåande/nyleg behandling mot denne
  • Alvorleg hjarte- eller lungesjukdom
  • Dårleg regulert diabetes
  • Alvorleg overvekt – kroppsmasseindeks høgare enn 35
  • Kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg nedsett funksjon
  • Alvorleg psykisk sjukdom, spesielt alvorleg schizofreni
  • Alvorleg demens
  • Downs syndrom

I Etne kommune kan Covid-19 sjuke kontakte fastlegen sin (så raskt som mogleg etter positiv test) om dei høyrer til ei av desse risikogruppene.  Fastlege vil då gjere ei individuell vurdering om ein kan få denne behandlinga. 
Nokre medisinar og naturpreparat, samt alvorleg redusert nyrefunksjon kan vere til hinder for Paxlovid behandling.

Les meir på Helsenorge: Behandling av Covid-19 - Helsenorge

Elisabeth Selland Winterthun
Kommuneoverlege