Offentleg ettersyn av detaljregulering for bustader ved Sillavegen, gnr. 032, bnr. 004 m.fl.

Hovudutvalet har i sak 045/24 i møte 29.05.2024 vedtatt at detaljregulering for bustader ved Sillavegen, gnr. 032, bnr. 004 m.fl., planid 202302, skal leggast ut til offentlig ettersyn etter §§ 5-2 og 12-10 i Plan- og bygningslova.

Plan over området ved Sillavegen - Klikk for stort bilde

Planframlegget legg til rette for etablering av tre nye einebustader med moglegheit for sekundærbueiningar/vertikaldelte tomannsbustader ved Silla i Etne. Her er det frå før ein gjeldande reguleringsplan frå 1973 med føremål for bustader, veg og leikeplass. Planområdet er på omlag 3,4 dekar og ligg nordaust for Etne sentrum, i gåavstand til Enge skule og barnehage.

Plankart, føresegner med meir kan finnast digitalt på arealplaner.no og kommunekart.com

Eventuelle merknader til planframlegget kan sendast på e-post til post@etne.kommune.no eller med brev til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne. E-post/brev skal merkast med Bustader Sillavegen, planid 202302.

Eventuelle spørsmål kan rettast til kommunen v/sakshandsamar på tlf.: 53 75 82 29.

Merknader må sendast inn innan 25.08.2024.