Offentleggjering av kommunal planstrategi for Etne kommune 2024-2028

Den kommunale planstrategien vert med dette gjort offentleg i minst 30 dagar i tråd med plan- og bygningslova §10-1.

Dekorativt - Klikk for stort bilde

Kommunestyret skal minst éin gong i kvar valperiode, og seinast innan eitt år etter konstituering, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Planstrategien vert no lagt på høyring i 30 dagar, før den kan vedtakast i kommunestyret 10. desember, like over eitt år etter konstituering.

Merknader til planstrategien kan sendast til post@etne.kommune.no eller med post til Etne Tinghus, Sjoarvegen 2, 5590 Etne innan 30 dagar.

Planstrategi 2024-2028 (PDF, 8 MB)

Planstrategi 2024-2028_vedlegg (PDF, 134 kB)

Offentleggjering av kommunal planstrategi for Etne kommune 2024-2028 (PDF, 597 kB)