Ope møte i Skånevik og Etnesjøen
Etne kommune ønskjer å invitere til ope møte på Skånevik Fjordhotell torsdag 27. mars kl. 18.00 og Etne Tinghus måndag 19. mai kl. 18.00.
Program:
18.00 Etne kommune informerer om tenestene
Leiinga i Etne kommune ved kommunedirektør og kommunalsjefar for sektorane vil vera til stades på arrangementa både i Skånevik og Etne. Fokus vil vera å orientere om tenestene. Det vil og vera anledning til å stille spørsmål undervegs. Administrasjonen ynskjer dialog, og håpar det vil møte innbyggarar som kan kome med tilbakemeldingar korleis me saman kan gjere kommunen endå betre.
19.00 Idemyldring og medverknad til pågåande planarbeid
Medverknad er nøkkelen til ein god planprosess. Kom å bli med på ei kjekk arbeidsøkt der produkta vil bli nytta inn mot kommunen sitt pågåande planarbeid .
Arrangementa er for innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, næringslivet og elles alle andre som ønskjer informasjon og å vere med å påverke framtida i kommunen vår.
Arrangement på Facebook - Trykk “skal” for påmelding