Oppdatering kontaktar for varslingssystemet

Etter hendinga med trykklaust leidningsnett har det vist seg at nokon abonnentar ikkje fekk tilsendt varselet til mobilen.

Mobil og skjerm med Varsling24 si side open - Klikk for stort bilde

For å sikre at varslinga kjem fram, vil me be dei innbyggjarane som er i tvil om å undersøke om kontaktinformasjonen er riktig.

Varslingssystemet hentar informasjon om privatpersonar frå Folkeregisteret.
Kontroll og endringar av privatpersonar sin kontaktinformasjon skal gjerast på Oppdater kontaktinformasjon | Norge.no
Din registrerte bustadadresse kan du sjå/melde flytting her: Folkeregister - Skatteetaten

Informasjon om bedrifter blir henta frå Enhetsregisteret i Brønnøysund.
Ved varsling av bedrifter nyttast bedrifta si forretningsadresse. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå varslingsadressene som bedrifta sjølv oppgjer i Altinn-portalen: Altinn - Start

Varslar blir også sendt til dei som har registrert seg på varslemeg.no
Tilleggsregisteret kan nyttast av både privatpersonar og bedrifter som ønskjer å motta varslar på ei anna adresse enn den adressa som er oppført i dei offentlege registra.

Meir informasjon om varslingssystemet ligg her: Kundens informasjon og varslingsløsninger - Varsling24