Oppdaterte råd om eigenberedskap

Onsdag 29. mai lanserer DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) dei nye eigenberedskapsråda.

I DSB sine oppdaterte råd om eigenberedskap vert det nå råda til at flest mogeleg er førebudde på å klare seg sjølv i ei veke ved kriser. Det er fordi kommunar, naudetatar og frivillige organisasjonar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp.

Dei største endringane er:

  • Tilrådd lengd på eigenberedskapen aukar frå minst tre dagar til ei veke
  • Nokre tema er utvida, som kritisk medieforståing og opphaldsstader i kriser
  • Andre tema er nye, som felles eigenberedskap og psykisk helse i kriser

Konsekvensar av klimaendringar, digital sårbarheit og ein forverra tryggingspolitisk situasjon dannar bakteppet for at råda nå er revidert og oppdatert.

Du kan lesa meir om råda her: www.sikkerhverdag.no