Planprogram for områdeplan for Skånevik sentrum vedteke
Kommunestyret har i møte 8. april 2025, sak 21/25, vedteke planprogrammet for områdeplan for Skånevik sentrum i samsvar med plan- og bygningslova § 12-9, jf. § 4-1.
Skånevik sentrumPlanprogrammet legg føringar for det vidare arbeidet med å utvikle Skånevik til ein attraktiv og berekraftig tettstad, og skildrar tema som skal utgreiast, mål for utviklinga, og korleis innbyggjarane skal involverast i prosessen.
Planarbeidet byggjer på Etne kommune sin planstrategi 2024–2028 og vil vere grunnlag for å samordne eldre reguleringsplanar i Skånevik sentrum til ei heilskapleg områdeplan.