Planvedtak

Planframlegget legg til rette for etablering av tre nye einebustader med moglegheit for sekundærbueiningar/vertikaldelte tomannsbustader ved Silla i Etne. 

Her er det frå før ein gjeldande reguleringsplan frå 1973 med føremål for bustader, veg og leikeplass. Planområdet er på omlag 3,4 dekar og ligg nordaust for Etne sentrum, i gåavstand til Enge skule og barnehage.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan klagast på jf. plan. og bygningslova §§12-12 og 1-9 samt forvaltningslova kap. VI. Eventuelle klagar skal leverast skriftleg til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne eller på e-post til: post@etne.kommune.no. Klage må sendast innan 05.12.2024. 

Sjå sak: 95/24 her