Program for Kongebesøket 26.05.26

Kongen og Dronninga legg til kaien like ved båthamna i Etne sentrum kl. 11.00 Her vil dei  gå i land, og tek turen vidare opp til Stødle kyrkje via Enge. 

Etter ein intim seremoni i Stødle kyrkje kjem Kongeparet til Skakkeringen. Her vil dei møta barnehageborn og elevar, som også vil stå for noko av underhaldninga. 

Det vil bli sett opp sperringar fleire stader denne dagen. Av praktiske årsaker er det ikkje rom for publikum å stå utanfor eller inne i Stødle kyrkje denne dagen. Me oppmodar difor all skodelystne til å møta opp for å sjå og hylla Kongeparet ved ankomst på kaien, i Skakkeringen og når Kongeparet reiser frå kaien att kl. 12.30.

H.M. Kongens 3. gardekompani (musikk og drill) kjem også saman med Garden. Dei vil ha oppvisning på kunstgrasbanen kl. 14.00.

Ved Skakkeringen vil det bli stengt for gjennomkøyring på Stadionvegen under heile besøket.

De finn eigne parkeringsvakter på tilgjengelege parkeringar som vil hjelpa til med å fylla opp parkeringar.

Me oppmodar dei som kan koma seg fram til fots om å gjera det denne dagen.

Møt opp med flagg og finstas - om du kan. Det er også mogeleg å stå langs vegen med flagg for å helsa Kongeparet. Me håpar også at alle kan hjelpa til slik at me viser bygda vår frå sitt beste - ved å rydda godt rundt der ein kan og heisa flagget.

Det vil bli sal av mat og kaker på Skakke denne dagen. Skakke held ope og sel kaffi og kaker frå kl. 11.00, lapskaus og pølser frå kl. 12.30. 

Program kongebesøk
TidProgramInvolverte
11.00Kongen og Dronninga vert tatt imot på kaienHavneansvarleg, Statsforvaltar, Ordførar og Politimeister
11.05Kortesje frå kai til Stødle kyrkje
ca 11.15Stødle kyrkjeInviterte får underhaldning med orgelmusikk og utdrag frå Sogespelet Kongen frå Etne. Skakkekoret syng Etne du fagre
ca 11.40Fest i SkakkeringenPublikum, barnehage og skuleelevar. Tale ved ordførar og tale ved Konge/Dronning. Kulturskulen, Spira utvikling og Etne musikklag.
12.20Slutt. Kongeparet går frå Skakkeringen og køyrer mot båthamna
12.25Avskjed på kaien
12.30Sjalupp til Kongeskipet
14.00H.M. Kongens 3. gardekompani (musikk og drill) kjem også saman med Garden. Dei vil ha oppvisning på kunstgrasbanen kl. 14.00.