Sjøparken i Etne – Ein framtidsretta møteplass

Etnesjøen har alltid vore ein sentral del av Etne sitt liv og historie, men i dag er kaifronten og torget prega av fråflytting og manglande aktivitet. No ligg alt til rette for ei ny framtid, der kaia og sjøen igjen kan bli ein levande møteplass for både innbyggjarar og besøkande. Gjennom prosjektet «Sjøparken» skal Etne sentrum få ei revitalisering som byggjer på historia, men som også tek med seg innovative løysingar for å skape eit moderne, attraktivt aktivitetsområde langs sjøen.

Etne sentrum si historie og potensial

Etne sentrum har alltid hatt sterke band til Etnesjøen. Tidlegare var kaia ein stad for båtanløp, torghandel og aktivitet, medan fjorden var hovudpulsåra for både transport og næring. I dag er dette i endring, men potensialet for å gjenopplive det historiske kaiområdet og skape eit nytt, levande sentrum er stort. Med Etnesjøen si vakre plassering omgitt av fjell og fjord, har Etne ei naturgitt moglegheit til å bli ein attraktiv destinasjon for både innbyggjarar og besøkande.

Bildekollasj sentrum - Klikk for stort bilde

Byrom i fornying

Etne har i dag eit underskot på gode byrom og møteplassar. Sentrumsområda manglar inviterande møtestader, og gateromma er prega av asfalt og biltrafikk. Gjennom å revitalisere kaifronten og oppgradere torget, vil kommunen skape eit område som inviterer til aktivitet og sosialt liv. Materialval og utforming av kaia kan bidra til å skapa eit variert og inkluderande rom som er både estetisk tiltalande og funksjonelt.

Bildekollasj gatemijlø - Klikk for stort bilde

Sjøparken – der land møter sjø

Eit sentralt mål med utviklinga av Sjøparken er å utnytte grenseområdet mellom land og vatn. Med oppgraderte kaiar og trygge badeplassar vil området vere tilrettelagt for alt frå bading, stuping og kajakkpadling til rolege soner for kvile og sosiale møte. Ein kombinasjon av aktivitetsanlegg og opphaldsplassar skal gjere kaia til ein levande fleirbruksmøteplass.

Bildekollasj sjø - Klikk for stort bilde

Innbyggjarane i sentrum

Prosjektet har involvert eit breitt spekter av innbyggjarar for å kartleggje deira behov og ønskjer. Gjennom medvirkningsverkstader har både unge og eldre, næringsliv og lokalpolitikarar fått moglegheit til å påverke utforminga av den nye sjøparken. Dette sikrar at parken vert ein relevant og ettertrakta møteplass som reflekterer både historia og framtidsvisjonane for Etne.

Eit anlegg for framtida

Planane for Sjøparken inkluderer fleksible løysingar som kan tilpassast ulike arrangement, som Etne-marknaden og Etnecup. Med god tilrettelegging for både småbåttrafikk, marknader og sosiale aktivitetar vil Sjøparken kunne bli eit nytt samlingspunkt for bygda, der både natur, historie og menneske møtest i harmoni.

Sjøparken i Etne har potensial til å bli eit førebilete for korleis norske småbyar kan revitalisere kaiområda og skape moderne, levande møteplassar.

Skisse kaianlegg - Klikk for stort bilde

Sjå heile presentasjonen her (PDF, 8 MB)