Skjermbilde frå Kongehuset si nettside
Gravferdsdagen er ikkje ein offentleg fridag, og kommunale tenester, skular og barnehagar har difor ordinær drift. Tenestekontoret og Tinghuset held stengt for publikum frå kl 1300.
Etne kommune følgjer råda frå nasjonale styresmakter, samstundes som den enkelte eining vurderer korleis markeringa best kan gjennomførast lokalt.
Klokka 13.00 blir det eitt minutt stille som del av den nasjonale markeringa. Kommunale einingar blir oppmoda om å leggja til rette for deltaking der det er praktisk mogleg.
I skular og barnehagar skal dagen organiserast på ein måte som er tilpassa barna og elevane sin alder og føresetnader.
Gode samtalar og refleksjonar kan vera ein naturleg del av dagen for barn og unge som har spørsmål eller ønskjer å snakka om det som skjer.
Der det er naturleg, kan einingane leggja til rette for felles vising av gravferda på TV.
Innbyggjarar som ønskjer å skriva ei helsing eller leggja att ein kondolanse, kan gjera dette i kommunen sin kondolanseprotokoll.
Kondolanseprotokollen vil vera tilgjengeleg på bibloteka i ordinær opningstid fram til 9. september.
Etne kommune vil flagga på halv stang fram til gravferda.
Du kan signera den elektroniske kondolanseprotokollen på Kongehuset sine sider:
Kondolanseprotokoll