Spelemidlar til fysisk aktivitet

Søknadsfrist for spelemidlar er 8. november.

Det er ikkje berre reine idrettsanlegg som kan få spelemiddel(tippemiddel)-tilskot. Spelemidlar kan søkjast til svært mange anlegg innan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet inkludert mindre nærmiljøanlegg som ballplassar, aktivitetsløyper m.m.

Organisasjonar som planlegg å finansiera/lurer på om dei kan finansiera eit anlegg med spelemidlar, må snarast kontakta Kulturkontoret for å få tiltaket vurdert, registrert og prioritert for å kunna søkja spelemidlar i år eller seinare.

Frist for søknad med vedlegg 8. november.

Les meir på https://www.etne.kommune.no/kultur-og-fritid/tilskotsordningar/spelemidlar/ og ta gjerne kontakt for avklaringar viss de lurer på om de har planar som er «innafor».

 

Kulturkontoret v/ Liv-Kari Bødtker, tlf 53 75 81 28, liv.kari.bodtker@etne.kommune.no