StikkUT! – Turtrim for alle

Påsken er ofte startskotet for fotturar på barmark, og friluftsråda sitt turtrim-opplegg Stikk UT! gjer det enkelt å finna turmål uansett kor du er.

StikkUT-logo oppå eit bilde av grøn mark og blå himmel - Klikk for stort bilde

Stikk UT! er Norges største turtrim og engasjerer titusenvis av menneske til å komme seg ut på tur! Turane kan registrerast i Stikk UT!-appen eller på stikkut.no. Friluftsrådet Vest er eitt av totalt 19 friluftsråd som er med på Stikk UT!

I 2026 kan du gå Stikk UT!-turar i 156 kommunar frå Nordkapp til Lindesnes. Turmåla har fire graderinger; frå lette til krevjande turar. Alle Stikk UT!-turane er skilta, har retningspiler i stikryss og har turbeskrivelse med spor i kart (digitalt).

Dette gjer det enkelt og trygt å finna fram. I Etne kommune er det 16 Stikk UT!-turmål dette året. Fleire av dei er også med på Etne Turlag sitt turopplegg Alle 30. Me takkar medlemmer i Turlaget for samarbeid om Stikk UT!-turane.

Meir info Stikk UT!