Støttekontakt

Det er stort behov for støttekontaktar i Etne kommune, både i Skånevik og Etne. 

Mann og dame som drikk kaffi ute på terrassen - Klikk for stort bilde

 

Dei som treng støttekontakt per nå er gut 5 år, gut på 12 år, gut 13 år,  jente 18 år og mann 27 år. Desse menneska ønskjer nokon som kan vera med dei på ulike fritidsaktivitetar.  Oppdraga er på 2- 3 timar i veka. 

Støttekontakt får ein fast arbeidsavtale i kommunen. Lønn og godtgjersle vert gitt etter KS sine satsar. Du må visa politiattest. Om du er interessert eller har spørsmål til det å vera støttekontakt, ta kontakt med Astrid Fagerjord Harboe på telefon: 480 55 656 eller på e-post: astrid.harboe@etne.kommune.no