Til Mjølkeprodusentane i Etne kommune med båsfjøs, samt andre med interesse for vidare drift

Etne kommune saman med Storfeprosjektet og produsentlaget inviterer alle aktive mjølkeprodusentar med båsfjøs til fagmøte.

Bilde av kyr på beite, med fleire logoar på - Klikk for stort bilde

Hovudfokus på møtet er utbygging frå bås til lausdrift, men òg fokus på kor viktig mjølkeproduksjonen er for kommunen. Kjenner de ungdommar eller andre med interesse for å drive mjølk-/ kjøtproduksjon, så ver snill å vidaresende informasjonen til dei.

  • Tid: Tysdag 19. november kl. 10.00
  • Stad: Kommunestyresalen

Program:

Program mjølkeprodusentar
Klokka Tema
10:00 Opning ved ordførar Mette Heidi
10:05 Landbrukskommunen Etne ved einingsleiar for Utvikling, Eileen P. Selland
10:20 Døme på fleksible lausdriftsfjøs med fokus på påbygg til eksisterande driftsbygning mellom 15 og 30 mjølkekyr. Kva kostar desse fjøsa i dag?
11:00 Servering av lapskaus
11:30 Innovasjon Norge, finansiering og regelverk
11:50 Er det realistisk å bygge denne type fjøs med dagens rammevilkår?
12:20 Paul Ove Tesdal flytta inn i ny fjøs 2020. Korleis går det med økonomi og drift? Generelt om eventuelt andre tilhøve som har gått bra/utfordringar.
12:40 Avreise til fjosen til Paul Ove. Verneutstyr vert delt ut.

Innleiarar:

  • Etne kommune
  • Knut Olav Øvreeide bygningsrådgjevar TINE
  • Felipe Rubilar Innovasjon Norge
  • Johanne Neteland og Jo Helge Sunde, Storfeprosjektet Vestland
  • Paul Ove Tesdal, mjølkeprodusent med lausdriftsfjøs

På grunn av matservering treng vi påmelding seinast 10 november. Lenkje til påmelding er sendt til produsentar på e-post. Ved spørsmål ta kontakt på tlf 47905533 eller send e-post til johanne.neteland@tine.no

Beste helsing Etne kommune, Storfeprosjektet i Vestland og produsentlaget