Tildeling av tilskot til klimatilpassing

Miljødirektoratet har innvilga 500.000,- i tilskot til prosjekt med føremål å levere eit ope nettbasert verktøy som skal gjere det lettare for kommunane å følgje opp sitt klimatilpassingsarbeid. 

Mykje sjøvatn som går over kaikanten - Klikk for stort bilde Roar Bævre

Prosjektet har som mål å heve kompetansen på korleis klimaendringar påverkar kommunale og fylkeskommunale ansvarsområder, og korleis arbeidet med klimatilpassing kan følgjast opp over tid. 
SINTEF har stått i bresjen for prosjektet, der Stavanger kommune er ansvarleg søkjar. Saman med Stavanger er kommunane Sauda, Lærdal og Etne, fylkeskommunane Rogaland og Vestland, og Haugaland vassområde. Verktøyet vil vere ope for alle, og vil vere nyttig også for konsulentar, utbyggarar og næringsliv.
Etne kommune v/Utvikling ser fram til å vere med på arbeidet, og å bidra til nye samarbeidsrelasjonar på tvers av fylker og regionale nivå.
Les meir om tilskotsordninga her: Tilskudd til klimatilpasning - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)