Primært vert det gitt tilskot til å støtte opp om prosjekt, tiltak og aktivitetar av eingongskarakter. Fondet kan nyttast til investeringar i varige driftsmidlar, både for ålmennyttige organisasjonar og kommunale tiltak. Søkjar må halda til i Etne Elektrisitetslag sitt gamle konsesjonsområde.
Etne kommune og Etne Elektrisitetslag inngjekk i desember 2019 avtale om overføring av ein gammal konsesjonskraft-kontrakt. Som ein del av avtalen mellom partane, blei det frå 2020 oppretta eit kommunalt fond som skal tilførast delar av inntektene. Midlane frå fondet skal gå til å støtta ulike ålmennyttige formål i Etne kommune.
Midlar frå fondet skal innafor formålet tildelast lag og organisasjonar innan Etne elektrisitetslag sitt tidlegare konsesjonsområde (Etnebygda med Stordalen og Kyrping/Sævareid). Midlane skal ikkje brukast til løpande drift, med unnatak for tilskot til avdrag på investeringar gjort i tråd med fondet sitt formål. Støtte kan gjevast i form av både lån og direkte tilskot.
Etne Formannskap gjorde følgjande vedtak i møte 29. mai 2024:
Fond kraftkontrakten er tilført kr 1 696 730 til disposisjon i 2024. NOK 96 730 skal bli ståande på fondet til disposisjon i komande år. NOK 1,6 millionar skal disponerast i år.
- 800 000 blir lyst ut som tilskot med søknadsfrist 31. august.
- 800 000 blir tilført det kommunale fondet for forskottering av spelemidlar til lag og organisasjonar
Framlegget til disponering av kapitalen for 2024 og innkomne søknader blir lagt fram for Etne Elektrisitetslag til uttale og eventuell prioritering før endeleg vedtak i Etne formannskap i møte 15. oktober.
For spørsmål, kontakt Kulturkontoret på kultur@etne.kommune.no eller tlf 53 75 81 28 (Liv-Kari).
Link med pdf til heile vedtektene for fondet
Digitalt søknadsskjema Fond kraftkontrakten - Etne kommune